Vedtekter for Natura
§ 1 Organisasjon
§ 2 Føremål
§ 3 Reglar for arrangement i regi av Natura
§ 4 Språk og målform
§ 5 Kontingent
§ 6 Medlemskap
§ 7 Medlems rettar og pliktar
§ 8 Generalforsamling
§ 9 Styreval
§ 10 Styret
§ 11 Kontobruk
§ 12 Alminnelege avgjersle
§ 1 Organisasjon
1-1 Organisasjonens namn er Natura.
1-2 Natura er ein uavhengig og frivilleg driven studentorganisasjon som skal leggje til rette for friluftslivsrelaterte aktivitetar. Natura skal prioritere å gjere aktivitetar i nærområdet.
1-3 Natura har si tilknytting til Høgskulen i Volda.
1-4 Natura er partipolitisk og religiøst uavhengig.
1-5 Natura vart stifta anno 1971 (Brønnøysundregistera).
1-6 Natura sitt organisasjonsnummer er 997 350 901.
1-7 Juridisk person.
Organisasjonen er ein sjølveigande og frittståande juridisk person med begrensa ansvar for gjeld. Organisasjonens medlem har ikkje sjølvstendig ansvar for organisasjonens forpliktingar.
§ 2 Føremål
2-1 Natura har som føremål å vere eit samhald kor menneskje og natur møtast. Med fokus på enkle, men rike naturopplevingar skal Natura styrke folks forhold til naturen, og auke folks interesse for friluftsliv, natur, kultur og økologi gjennom friluftslivsaktivitetar som vandring, telting, ski, fisking, surfing osb.
§ 3 Reglar for arrangement i regi av Natura
3-1 Alkohol er forbode å bruke på Natura sine arrangement om ikkje anna er spesifisert av styret på førehand. Med mindre styret spesifiserar at alkohol er tillete på eit arrangement, er det heller ikkje lov å vere under påverknad av alkohol på Natura sitt arrangement.
3-2 Ulovlege rusmidlar er forbode å bruke på Natura sine arrangement. Det er heller ikkje lov å delta på Natura sine arrangement under påverknad av ulovlege rusmidlar.
3-3 Rasistiske, diskriminerande, hatefulle og trakasserande handlingar er forbode.
3-4 Styret og Natura som organisasjon skal etter beste evne bidra til å bevare moglegheita til å oppleve urørt natur for framtidige generasjonar. Dette inneber at Natura skal tre fram som miljøbevisste og dertil følgje allemannsplikta og friluftslova, samt Natura sine etiske retningsliner.
3-5 Ferdråd.
I førekant av turar som krev det skal det haldast obligatorisk ferdråd. Ferdrådet skal i utgangspunktet vere eit obligatorisk felles møte for alle som skal vere med på arrangementet, kor ein går gjennom forventingar og avklaringar, samt farevurderingar. Ved ikkje-krevjande arrangement (til dømes ettermiddagsturar med fisking, sopp- og bærplukking, båltur i skogen osb.) kan ferdrådet vere i form av ein epost med informasjon til deltakarane. Eposten skal framleis ta føre seg dei aktuelle temaa for arrangementet.
3-6 Arrangementa til Natura er i utgangspunktet eksklusivt for medlem av Natura. Styret kan ved høve halde arrengement som er ope for både medlem og ikkje-medlem. Dette skal vere informert om skriftleg i førekant av det aktuelle arrangementet. Styret kan gjere unnatak i enkelttilfelle, til dømes ved behov for sjåførar.
3-7 Styret pliktar å melde ulovlege forhold til Politiet. Dette inneber, men er ikkje begrensa til, bruk av ulovlege rusmidlar, grov vald, (seksuell) trakassering og andre forhold. Ved mistanke om, og i sakar der det ikkje er klare bevis, pliktar styret å rådgjeve seg med Politiet.
§ 4 Språk og målform
4-1 Natura nyttar hovudmålform nynorsk. Natura skal etter beste evne gje all offentleg informasjon (sosiale media, nettside osb.) på både nynorsk og engelsk av omsyn til internasjonale medlem.
4-2 Naturas vedtekter skal vere tilgjengelege på både nynorsk og engelsk.
§ 5 Kontingent
5-1 Medlemskontingenten skal betalast når ein meld seg inn i Natura. Betalinga skjer med bankoverføring, kontant, Vipps eller organisasjonens nettbaserte betalingsløysingar. Organisasjonens Vipps-nummer er 140524. Organisasjonens bankkontonummer er 3991.10.23338.
5-2 Medlemskontingenten skal fastsetjast av Generalforsamlinga kvart år.
5-3 Medlemskonigenten er fastsett til 200 kr per semester, og 350 kr per studieår (vedteke på ekstraordinær generalforsamling 01.12.2023).
5-4 Styremedlem er friteke å betale medlemskontingent det innehavande året dei er styremedlem.
§ 6 Medlemskap
6-1 Natura si primære målgruppe er studentar ved Høgskulen i Volda, men òg ikkje-studentar kan melde seg inn. Ein må vere fylt 18 år for å kunne melde seg inn i organisasjonen.
6-2 Medlem er definert som alle personar med medlemsrett som har betalt medlemskontingent for innehavande semester/studieår. Styremedlem er òg medlem.
6-3 Natura skal tilby både halvårsmedlemskap og heilårsmedlemskap. Medlemskapet skal følgje semestera og studieåret ved Høgskulen i Volda.
6-4 Eksklusjonar.
Ingen medlem av, eller sympatisørar for organisasjonar som står for eit klart rasistisk eller diskriminerande standpunkt, eller som utøver slike handlingar ovanfor andre, har høve til å verte medlem av Natura. Styret har rett til å ekskludere personar som har eit slikt standpunkt.
6-5 Styret i Natura har etter åtvaring fullmakt til å annullere medlemskap til medlem i særskilde tilfelle ved grove brot på Naturas vedtekter og/eller reglar for Natura sine arrangement. Styret skal vurdere i kva grad ekskluderinga gjeld. Det kan vere mellombels eller permanent, og kan gjelde alle eller enkelte arrangement.
6-6 Æresmedlem.
Styret har mynde til å løyve medlem som skil seg ut for organisasjonen og/eller gjer ein ekstraordinær innsats for Natura som Æresmedlem. Æresmedlem har eit livsvarig gratis medlemskap. Medlemskapet må aktiverast kvart semester/studieår ved å kontakte Natura. Etter aktivering av medlemskap har Æresmedlem definerte som medlem for den innehavande perioda.
§ 7 Medlems rettar og pliktar
7-1 Berre medlem som har betalt medlemskontingenten i det innehavande semester/stidieår har dei aktuelle medlemsrettane. Unnatak er gitt for Æresmedlem og styremedlem.
7-2 Medlem har rett til å delta på Natura sine arrangement. Ved høve kor det er eit begrensa antal plassar på aktivitetar gjeld fyrstemann-til-mølla-prinsippet med venteliste.
7-3 Medlem har møte-, stemme- og talerett på Generalforsamlinga.
7-4 Medlem har rett til å låne utstyr frå Natura sitt utstyrslager. Medlem pliktar å behandle utstyret med varsemd og levere det tilbake innan tidsfristen.
7-5 Medlem pliktar å delta på naudsynte obligatoriske ferdråd og/eller lese all informasjon som er blitt gitt for å kunne delta på Natura sine aktuelle arrangement.
7-6 Medlem pliktar å følgje Natura sine gjeldande arrangementsreglar, etiske retningliner og vedtekter.
7-7 Sjåførar for Natura sine arrangement (både medlem og ikkje-medlem) har rett på kilometergodtgjersle for køring og å få tilbakebetalt eventuelle bom-, ferje- og parkeringsavgiftar som er naudsynt å betale for å gjennomføre arrangementet. Natura følgjer Statens takstar for kilometergodtgjersle. Sjåførar har ikkje rett på å få tilbakebetalt eventuelle bøter.
7-8 Påmelding til Natura sine aktivitetar er bindande. Medlem pliktar å seie frå med rimeleg tidsvarsel om dei ikkje kan delta på arrangementet. Om medlem ikkje møtar til arrangementet utan å seie frå på førehand må dei framleis betale deltakaravgifta for aktiviteten.
§ 8 Generalforsamling
8-1 Generalforsamlinga er det høgste organet i Natura. Den set opp retningsliner for komande periode. Generalforsamlinga skal haldast innan utgangen av april kvart år.
8-2 Alle som har rett til medlemskap i Natura har rett til å møte på Generalforsamlinga. Berre medlem av Natura har tale-, føreslags- og stemmerett ved Generalforsamlinga. Ikkje-medlem kan få talerett om fleirtalet av Generalforsamlinga ønskjer dette.
8-3 Freistar.
Ordinær Generalforsamling skal avviklast innan utgangen av april.
21 dagar før Generalforsamlinga skal fyrste innkalling sendast ut til alle medlem. Denne skal innehalde dato, tidspunkt og informasjon om korleis ein sender inn saksforslag til Generalforsamlinga.
14 dagar før Generalforsamlinga skal alle sakar og vedtektsendringar som ein ynskjer å ta opp vere styret i hende.
7 dagar før Generalforsamlinga skal sakslista og forretningsorden leggjast fram.
Protokollen frå Generalforsamlinga skal gjerast offentleg so snart som råd etter den er godkjent av underskrivarar av protokollen, og seinast fire veker etter Generalforsamlingas slutt.
8-4 Vedtektsendringar.
Vedtektsendringar vert vedteke av Generalforsamlinga og må skje med to tredjedels fleirtal. Generalforsamlinga avgjer tidspunkt for når vedtektsendringane skal setjast i kraft, og ikkje seinare enn 6 månadar etter Generalforsamlingas slutt.
8-5 Dagsorden.
Generalforsamlinga skal innehalde følgjande saker:
Val av møteleiar og referent.
Godkjenning av innkalling og saksliste.
Årsmelding.
Rekneskap for føregåande rekneskapsperiode, kontingentsatsar i komande periode, etter innstilling frå styret.
Revisjon av Naturas Etiske Retningsliner.
Vedtektsendringar.
Val av nytt styre.
Innkomne saker.
8-6 Ekstraordinær Generalforsamling.
Styret kan ved minst to tredjedels fleirtal kalle inn til ekstraordinær Generalforsamling.
Minst ein tredjedel av medlemsmassen, ved skriftleg søknad, kan krevje at styret kallar inn til ekstraordinær Generalforsamling.
Krav om ekstraordinær Generalforsamling skal innehalde oversyn over kva saker som krev handsaming. Er det ikkje oppgjeve kva sakar som skal handsamast, vert ikkje kravet om ekstraordinær Generalforsamling sett på som gyldig.
Styret kallar inn til ekstraordinær Generalforsamling med minst 14 dagar varsel.
Ekstraordinær Generalforsamling skal berre behandle den/dei sakane som gjer ekstraordinær Generalforsamling naudsynt.
Om krav om ekstraordinær Generalforsamling vert sett på som gyldig skal styret utan ugrunna opphald kalla inn til ekstraordinær Generalforsamling.
§ 9 Styreval
9-1 Alle med medlemsrett kan stille til styreval.
9-2 Valmåte.
Ingen kandidatar kan fremjast mot sin vilje. Om kandidaten ikkje er tilstades under valet, må stadfesting på kandidaturet leverast til styret før Generalforsamling.
Val går føre seg skriftleg, eller ved akklamasjon om det er berre éin kandidat til styrevervet.
Om valet er ugyldig skal det føregå eit attval.
9-3 Valmetode ved skriftleg val.
Om val skal føregå skriftleg skal ein nytte stemmesetlar. Stemmer vert gjevne etter at kandidatane er presentert. Berre nominerte kandidatar kan førast opp på stemmesetelen. Kandidatar ein ønskjer å stemme på vert skrivd på stemmesetelen, ein kan berre stemme på éin kandidat til kvart styreverv. Stemmesetlar med andre namn enn dei aktuelle kandidatane blir kasta. Den kandidaten med høgast stemmetal blir vald. Ved stemmelikskap gjennomførast valet på nytt. Om det framleis er stemmelikskap etter andre valrunde vert valet avgjort ved loddtrekking. Stemmene blir telde av eit tellekorps beståande minst to uavhengige medlem. Tellekorpset kan ikkje stille til val sjølv, men har framleis stemmerett.
9-4 Generalforsamlinga pliktar å opne for at medlem kan stille til motval til styreverv. Generalforsamlinga må godkjenne dette med to tredjedels fleirtal.
9-5 Kandidatar som stiller til styreval har rett til å trekkje seg frå valet heilt til valet er gjennomført.
§ 10 Styret
10-1 Styret skal bestå av minst 3 og maks 7 styremedlem. Styreverva er:
Styreleiar.
Nestleiar.
Økonomiansvarleg.
Styremedlem.
Styremedlem.
Styremedlem.
Styremedlem.
10-2 Funksjonstid.
Styremedlem vert vald for eitt år. Styremedlem som ønskjer å sitja lenger i styret kan etter eige ønskje stille til attval ved neste Generalforsamling. Styremedlem valde på Generalforsamlinga trer inn i stillinga 1. juni. Styremedlem som trer ut av stillinga sit i stillinga til og med 31. mai.
10-3 Styrets skal:
Iverksetja Generalforsamlingas vedtak.
Administrere og føre naudsynt kontroll med Naturas økonomi i samsvar med dei til einkvar tid gjeldande instruksar og vedtak.
Representere Natura utad.
Halde styremøte når styreleiar krev det eller eit fleirtal av styremedlema krev det.
10-4 Mynde.
Styret er det høgste organet mellom Generalforsamlingane og skal syte for at vedtak som vert fatta på Generalforsamlinga vert realisert. Styret fattar vedtak med simpelt fleirtal. Kvart styremedlem har éi stemme. Ved likt tal på stemmer telst stemma til styreleiar dobbelt.
10-5 Eit styremedlem kan ordinært velgje å trekkje seg frå sitt styreverv med éin månad oppseiingstid, påløpande frå den fyrste dag den påfølgjande månad.
10-6 Setjevara.
Om det er ledige styreposisjonar har styret moglegheit til å setje inn ein mellombels setjevara fram til neste Generalforsamling. Ein setjevara er vald av styret, og har ikkje stemmerett i avgjerdsler gjort av styret. Det kan ikkje sitje meir enn tre setjevara i styret samstundes.
10-7 Styret skal konstituere seg på fyrste styremøte etter Generalforsamlinga.
10-8 Styret pliktar å informere deltakarar om risikoen som følgjer ved dei ulike aktivitetane arrangert av Natura (jfr § 3-5).
10-9 Om styret ser det naudsynt kan dei opprette ulike ressursgrupper. Slike grupper er mellombelse og jobbar mot spesifikke mål etter instruks frå styret.
10-10 Styret skal vere registrert i Brønnøysundregistera (www.brreg.no).
10-11 Styret pliktar å etter beste evne vidareføre organisasjonen til det nye styret. Det nye styret pliktar å setje seg inn i alle naudsynte dokument og ressursar tilknytt organisasjonen.
10-12 Styret er friteke å betale deltakaravgift på Natura sine arrangement. Kostnadane av styrets deltaking skal ikkje dekkast av andre medlem, men av organisasjonen.
10-13 Styremedlem pliktar å godkjenne og følgje Natura sine vilkår på lik linje som medlem, turleiarar og turdeltakarar. Endringar og oppdateringar av Natura sine vilkår godkjennast av styret i fellesskap. Styremedlem er forventa å stå fram som rollemodellar for organisasjonen.
10-14 Styreverv er utelukkande friviljug og skal ikkje honorerast eller lønast på nokon måte for arbeid gjort for organisasjonen.
§ 11 Kontobruk
11-1 Signaturrett skal førast på økonomiansvarleg og styreleiar. Berre desse verva skal ha tilgong til bankkontoen. Alle utbetalingar ved drift av Natura skal rapporterast til styreleiar.
11-2 Private utlegg skal førast inn som utleggskjema og sendast til økonomiansvarleg. Alle innbetalingar skal skje gjennom Natura sine eigne betalingsløysingar, det er forbode å nytte private løysingar (som privat Vipps) til dette.
11-3 Det er forbode å gje honorar til privatpersonar for tenestar gjort for Natura.
§ 12 Alminnelege avgjersle
12-1 Oppløysing og fusjonering.
Oppløysing av Natura eller fusjonering/underlegging med andre organisasjonar kan berre skje med to tredjedelar fleirtal på Generalforsamlinga.
12-2 Iverksetjing.
Desse vedtektene trer i kraft frå og med 1. desember 2023, og erstattar frå dette tidspunktet gamle vedtekter.